mandag 12. november 2007

Jenny på Fiji II

I dag var det lett regn. Anne, Magnus og eg gjekk ein tur oppover ein sti omgitt av tett regnskog. Mykje framande tre for meg, fann mango som me skrella og åt - nydeleg. Her eg sit utanfor rommet, ser eg rett bort på ein stor bananklase, dei er visst ikkje heilt modne. I går kveld hadde dei innfødte eit innslag med dans/sang til mange forskjellige instrument, iført sine bambusskjørt og fargerike klede. Ein får sanneleg ei føling med å være på andre sida av jorda, til og med stjernehimmelen er framand.

4 kommentarer:

Unknown sa...

Høres kjempeflott ut!

Merete sa...

Så fine du va då! :-D

Unknown sa...

Hei Jenny! Må bere sei at du e allerede ein liten helt for meg. Når eg blir så store som deg (da e ei stund til) skal eg ta meg ein tur rundt verden eg og! Pappa min helse deg så møkje....
- ettåringen samuel

Liv sa...

Hei Samuel!
Koseleg at du følgjer med på bloggen! Du har verkeleg noko å gleda deg til. Har det fantastisk! Hels mamma og pappa.

Jenny