fredag 14. desember 2007

Magnus på julekonsert i Christchurch

Fredagen starta med regn og survær. Vi må levere frå oss bilane nokolunde reine, iallefall innvendig, og det byr på problem i slikt vær. Tilsynelatande ein trivell dag. Vel etablert på hotellet, rusler vi ein tur til katedralen, og oppdager at det er julekonsert der i kveld. Det måtte vi få med oss. Vi vart litt stolte når vi såg 2 norske stykker på programmet. Michaelangelo av Sigvart Dagsland, den har eg ikkje hørt før, men folkemelodien "I himmelen, i himmelen", var veldig kjent. Begge var briliant fremført med engelskmannen Davey Boys som solist på euphonium. Men julestemninga kom når sopranen Genevieve Jenson frå Christchurch song "O Holy Night" med brassorkester. Det var ei flott oppleving, og jula kom mykje nærare. Og no er det fint vær og ikkje kaldt lenger. Det vart ein ny flott dag.

Ingen kommentarer: