lørdag 15. desember 2007

Jenny i Christchurch

Veit ikkje korleis eg skal formidle kvelden me hadde i går. Det var i allefall ein fantastisk opplevelse som kjem til å sitja i ei stund. På ettermiddagsturen var me inne i ei gammal kyrkje og såg annonsert julekonsert om kvelden. Det var Christmas Mission som hadde brasskonsert. Velding flinke utøvarar på blåseinstrument og ei jente på 18 år var solist på nokre av sangane. Eg fekk mest gåsehud så reint og fint ho sang. Dei hadde til og med to norske, ein av S. Dagsland og I Himmelen arrangert av Svein H. Giske. Då me kom ut av kyrskja, stod ei gruppe og sang og det var sterkt. Det var lovsang av ei Maorigruppe, det første folkeslag som kom til New Zealand. Har det kjempefint, i morgon reiser vi til Australia.

1 kommentar:

Unknown sa...

Hei farmor!

No er eg på besøk hos pappa. Me ser på bloggen og skjønar at dåke har det kjempeflott. No skal me ungane og pappa på restaurant og spise julemiddag. Linnea skal også vere med, men ho får klare seg med pupp.

Helsing Åse