lørdag 10. november 2007

Jenny på Fiji

Vakna til sol og fuglesang i dag også. No har me hatt ei lita "økt" i bassenget. Eg sit her i skyggen med ein kopp kaffi og berre nyt livet. Ungane gjer lekser. Dei innfødte sit i skyggen under eit avacadotre og har pause i arbeidet. Dei er så vennlige, og eit nydeleg folkeslag med blomster i håret. I dag var Synne litt lei seg, då var det ei som snakka med henne og sette ei hibiscusrose bak øyra hennar. Ho var så nydeleg.

Ingen kommentarer: