fredag 9. november 2007

Anne Marie på Fiji

Et lite livstekn frå oss også. Skulle gjerne delt denne opplevinga med mange. Fiji er ei perle. Idag er det første dagen vi føler at dag og natt passer vår døgnrytme. Skal bli spennende å oppleve å vere våken en kveld igjen. Idag har vi vore meir i vatnet enn på land, noko som har ført til solraud topp og kvite bein. Ellers bor vi i regnskogen med mango, banan, brødfrukt og kokusnøtter både i trea og på bakken rundt oss. Det er ikkje akkurat slik vi er vant til, med butikker på kvart hjørne. Alle har god tid, og har dei ikkje det vi spør etter idag så får dei det kansje i morgon eller ein annan dag, det kan ingen svare sikkert på. Det virker ikkje som det er noko fast system med reiser til og frå heller. Altså har heile gjengen det kjempebra og storkoser seg så langt.

2 kommentarer:

Ove sa...

Godt å høyre at alt står bra til. Håper at de rekk flyet vidare til NZ neste fredag då... sidan det ikkje er noko fast system med reiser til og frå ;)

Eg hadde lyst til å kjøpe ein mango i dag, men eg la den tilbake når eg såg prisen. Skulle gjerne ha gått ut og plukka ein mango i hagen akkurat no...

Kristbjørg sa...

I dag kom snøen for fullt. Det er kvitt over alt og ca.minus 2. Elles har det pøsa ned sidan de reiste. Kos dykk og nyt livet, for her er det ikkje mykje leveleg. Elles er alt vel. Sjekka huset i dag. Elles er ingen ting hjort!!!!

Kristbjørg.