torsdag 6. desember 2007

Jenny i Kaikoura

I dag ha berre hatt ein to timars kjøretur til ein ny plass. Eit fascinerande landskap, lange strekkjer med uttørka, kupert land, til flate vidder beplanta med kiwiplanter. Minner meg litt om korleis dei dyrka i Israel, midt i ørkenen. Me køyrde ei stund langs havet, og det var eit mektig syn når bølgene braut mot land. Me stoppa ein stad der det var ein heil selkoloni, måtte jo ut og ta bilder, mange låg på land, mens andre leika seg i bølgene. Me var tett innpå dei, og ein av dei gav beskjed; ikkje nærmare, såg ut som ein ledartype. Ellers har me det fint, litt regn i dag, men fine meldingar for dei neste dagane. Kjem til å vera her i 2-3 dagar, har tenkt oss på kvalsafari.

2 kommentarer:

Hauge sa...

Hei! Så mange fine bilder og dyr!

Her i Norge er det snart jul, og Thomas og Heidi lurte på om det var mulig å sende julekort til dere?

marius sa...

Hei mormor!
Koselegt med kort frå deg eg lengtar etter deg! Idag har eg vore hos tannlegen og trekt ei tann med tre røter. Pyton!
etter på var mamma og eg kjøpte pinnakjøt og ribbe te deg!
På tirsdag skal eg spela på julekonsert (piano).
Er ferdig med julehandelen men ikkje mamma og pappa. Dem har det travelt. KLEMS MARIUS
Helsa fra dei trege