torsdag 22. november 2007

Jenny i Waiwera

Vakna til sol og fin natur, ungane er blide og fornøyde. Har hatt ein god frukost i "det fri". Såg ein flokk delfinar utanfor stranda her. Ein spenannde dag ligg foran.

Kveld: Har tatt inn på ein campingplass, ete kveldsmat ute 19. november. Slå den! I dag har me kjørt gjennom eit landbruksland, store flokkar med kyr, ungdyr og kalvar + ein del sauer. Det har vore åsar med tett vegitasjon og frodige fine beitemarker. Berre framande sortar, alt fra palmer til nåletre. Fin temperatur om dagen, litt kjølig om kvelden. Ja, eg må jo ikkje gløyme at me bada i varme kjelder før me køyrde i dag. Fleire basseng med ulik temperatur, frå 31 til 48. Eg stoppa på 40, og det var i det varmaste, men du verden så godt det gjorde. Skulle berre ønske og hatt heile familien med stive skuldre med meg.

1 kommentar:

marius sa...

Hei mormor.
Har sett på bloggen at dåke har da kjempe fint. Fine bildene dine mormor!
Eg gler meg sånn te du komme heim:)
Her har da vore litt snø og kaldt men ellers regn. Eg gler meg til jul!! Neste helg skal me til Bergen på julehandel og da blir kjekt. Skal helsa fra gamlingane....