Har hatt ein utruleg fin dag, klokka er 16 og eg sit nydusja på rommet og "oppsummerer" dagens høydepunkter. Trur det må vera turen gjennom byen i en 2-etasjers buss, fekk sjå mykje fint. Erlend var først opp trappa og fann eit ledig sete og ropte ut; Jess - som framkalte mange smil. Etterpå var det Underwater World med nydelege pingvinar og mange fiskeslag, så var turen i Sky Tower ein, skrekk, gru, fin opplevelse. Tårnet er 328 m, fantastisk utsikt over byen og øyane rundt. Veret har vore fint med passe temperatur, ca. 20 grader. KJ, Liv og eg var ute og åt etter at ungane var sovna og åt kveldsmat. Kinamat - veldig velsmakande, alt er spennande.
torsdag 22. november 2007
Jenny i Auckland
Lagt inn av
;kjs
-
22.11.07
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar